Ofte stilte spørsmål om larvar
Kor kjem mjølmumsane frå?
Frå Voss! Kvar gong me haustar inn larvar, lèt me ca. 10 prosent av larvane gå vidare til puppestadiet, før dei går over i billestadiet. Desse billene legg nye egg, som igjen kan bli til nye larvar. Ei hobille legg i snitt ca. 300 egg! Larveriet på Voss er stolte av å kunne servere dei aller første norskproduserte larvane.
Kor fort veks ein larve?
Larvane blir hausta inn når dei er ca. 8 veker gamle. I løpet av denne tida veks dei frå små, usynlege egg til store, fine larvar.
Kva smaker mjølmums?
Larvane har ein nøtteaktig smak og ein sprø tekstur.
Er det trygt å ete mjølmums?
Ja, Larveriet er godkjent av Mattilsynet og har strenge reglar og rutinar på plass for å vere heilt sikre på at me alltid har eit trygt produkt. Larvane våre et berre reine vegetabilske kjelder, og omgjevnadane deira er nøye monitorert.
Korleis blei larveriet starta?
Me er nokre unge gründerar som trur insekt er ein viktig del av mat og fôr i framtida, også i Noreg! Med eit hjarte for berekraft og god mat, starta me med oppdrett av mjølbillelarvar i ein kjellar på Voss i 2016. Tilbakemeldingane og interessa så langt har vore overveldande – no held me på å skalere kraftig opp!
Har larvane det bra?
Larvane våre lever akkurat slik dei trivst best: tett saman, med yndlingsmaten sin og med optimal luftfuktigheit og temperatur. Når me haustar inn larvane vert dei avliva på den mest skånsomme måten, ved å gå i dvale når dei vert frosne ned.
Kan alle ete mjølmums?
Dei som er allergiske mot skalldyr eller midd, er nok også allergiske mot mjølmums. Dette er fordi insektsskal består av kitin, som er det samme som skalet til midd og skaldyr. Larvar er på mange måtar ei «landreke»!
Kva et larvane?
Larvane kan ete ting som blir kalla «avfall» eller «søppel» i dag, fordi menneske eller andre dyr ikkje vil ete dei. Dette er også rollen til veldig mange insekt i naturen. Dei er små superheltar som tar ting som er heilt unyttige for andre og forvandlar og oppkonsentrerer desse til viktige næringsstoff!
Kvifor er det berekraftig å ete larvar?
Larvar er heilt i særklasse når det kjem til berekraft, spesielt på grunn av det låge fotavtrykket dei har. Dette er ein av hovedgrunnane til at FN og EU seier larvar er mat for framtida. Samanlikna med 1 kg biff har 1 kg mjølmums berre 8 % så stort fôrbehov, berre 21 % av vatnbehovet, 5 % av arealbehovet og 16 % av drivhusgassutsleppet! I tillegg et larvane ressursar som i dag er «søppel» og oppsirkulerer avfall til ein verdifull ressurs. Dessutan er larvane produserte i Noreg, og kortreist mat er ekstra berekraftig.
Kvifor er det sunt å ete larvar?
Det er tre grunnar til at det å ete insekt er så sunt: for det første er dei proppfulle av protein! Dei tørka mjølmumsane har heile 49 % protein, som er meir enn til dømes i ein biff. For det andre er larvane svært næringsrike, med store mengder jern, magnesium, fosfor, kalium og sink. For det tredje syner forsking at insekt styrker immunforsvaret til dyr og menneske, då dei inneheld antimikrobielle protein som bidreg til styrka tarmhelse.
Et vegetarianarar larvar?
Kvifor et me ikkje insekt i Europa?