top of page
larveriet_digital08.JPG

Sunt

Dei tørka mjølmumsane våre har eit høgt innhald av protein på heile 49 prosent!

 

Mjølmums inneheld også fleire viktige næringstoff slik som jern, magnesium, kalium og sink.

I tillegg inneheld insekter anti-mikrobielle protein og kitin som er med på å styrke immunforsvaret ditt!

Vann.png
Areal.png

I tillegg til å vere sunne og berekraftige, har larvane våre har ein god, nøtteaktig smak og sprø tekstur.

Vi anbefaler dei som turmat eller til ei kald øl.

 

Du kan også bruke dei som topping på til dømes salatar, smoothie, smørbrød, pizza, pastarettar, burgerar... eller ha dei i fredagstacoen!

larveriet_digital14.JPG

Berekraftig

Drivhusgassutslipp.png
Forbehov.png

Ofte stilte spørsmål om larvar

 

 

Kor kjem mjølmumsane frå?

Frå Voss! Kvar gong me haustar inn larvar, lèt me ca. 10 prosent av larvane gå vidare til puppestadiet, før dei går over i billestadiet. Desse billene legg nye egg, som igjen kan bli til nye larvar. Ei hobille legg i snitt ca. 300 egg! Larveriet på Voss er stolte av å kunne servere dei aller første norskproduserte larvane.

 

Kor fort veks ein larve?

Larvane blir hausta inn når dei er ca. 8 veker gamle. I løpet av denne tida veks dei frå små, usynlege egg til store, fine larvar.

 

Kva smaker mjølmums?

Larvane har ein nøtteaktig smak og ein sprø tekstur.

 

Er det trygt å ete mjølmums?

Ja, Larveriet er godkjent av Mattilsynet og har strenge reglar og rutinar på plass for å vere heilt sikre på at me alltid har eit trygt produkt. Larvane våre et berre reine vegetabilske kjelder, og omgjevnadane deira er nøye monitorert.

 

Korleis blei larveriet starta?

Me er nokre unge gründerar som trur insekt er ein viktig del av mat og fôr i framtida, også i Noreg! Med eit hjarte for berekraft og god mat, starta me med oppdrett av mjølbillelarvar i ein kjellar på Voss i 2016. Tilbakemeldingane og interessa så langt har vore overveldande – no held me på å skalere kraftig opp!

 

Har larvane det bra?

Larvane våre lever akkurat slik dei trivst best: tett saman, med yndlingsmaten sin og med optimal luftfuktigheit og temperatur. Når me haustar inn larvane vert dei avliva på den mest skånsomme måten, ved å gå i dvale når dei vert frosne ned.

 

Kan alle ete mjølmums?

Dei som er allergiske mot skalldyr eller midd, er nok også allergiske mot mjølmums. Dette er fordi insektsskal består av kitin, som er det samme som skalet til midd og skaldyr. Larvar er på mange måtar ei «landreke»!

 

Kva et larvane?

Larvane kan ete ting som blir kalla «avfall» eller «søppel» i dag, fordi menneske eller andre dyr ikkje vil ete dei. Dette er også rollen til veldig mange insekt i naturen. Dei er små superheltar som tar ting som er heilt unyttige for andre og forvandlar og oppkonsentrerer desse til viktige næringsstoff!

 

Oppsirkuleringa frå avfall til ressurs gjer dette til sirkulærøkonomi i praksis! Larvane et reine vegetabilske ingrediensar som til dømes avfall frå korn-, frukt-, grønnsaks- og ølproduksjon. Larveriet på Voss leiar også eit forskingsprosjekt som ser på å fôre organisk hushaldingsavfall til larvane. 

 

Kvifor er det berekraftig å ete larvar?

Larvar er heilt i særklasse når det kjem til berekraft, spesielt på grunn av det låge fotavtrykket dei har. Dette er ein av hovedgrunnane til at FN og EU seier larvar er mat for framtida. Samanlikna med 1 kg biff har 1 kg mjølmums berre 8 % så stort fôrbehov, berre 21 % av vatnbehovet, 5 % av arealbehovet og 16 % av drivhusgassutsleppet! I tillegg et larvane ressursar som i dag er «søppel» og oppsirkulerer avfall til ein verdifull ressurs. Dessutan er larvane produserte i Noreg, og kortreist mat er ekstra berekraftig.

 

Kvifor er det sunt å ete larvar?

Det er tre grunnar til at det å ete insekt er så sunt: for det første er dei proppfulle av protein! Dei tørka mjølmumsane har heile 49 % protein, som er meir enn til dømes i ein biff. For det andre er larvane svært næringsrike, med store mengder jern, magnesium, fosfor, kalium og sink. For det tredje syner forsking at insekt styrker immunforsvaret til dyr og menneske, då dei inneheld antimikrobielle protein som bidreg til styrka tarmhelse.

 

Et vegetarianarar larvar?

Mange vel å vere vegetarianarar på grunn av berekraft. Kortreiste, norskproduserte larvar, med deira utruleg låge fotavtrykk og som et ressursar som elles er «avfall», er noko av det mest berekraftige som finst! Larvar har også eit mykje lågare vassforbruk enn soya, og treng heller ikkje å bli transportert over store avstandar. Dessutan er drivhusgassutsleppet og arealbehovet for produksjonen av éin kg larvar sammenlikna med éin kg mjølk minst halvparten.

 

I tillegg er larveprotein lettare for kroppen å ta opp enn vegetabilsk protein, som gjer at ein kan ete mindre mengder. Mange «fleksitarianarar» og «ento-veganarar», som nokon kallar seg, et derfor larvar, men ikkje kjøt eller fisk. Desse påpeiker også korleis mange insektliv går tapt i alminnelig grønnsaksproduksjon (ved sprøytemiddel og innhausting) og at vi alle i snitt et ca. 140.000 insektdeler i året, gjennom kaffi, korn, frukt og grønt. Insekt inneheld også mykje jern og andre viktige næringsstoff som mange vegetarianarar må ta kosttilskot for å få i seg. Det er derfor mange gode grunnar til å vurdere insekt på tallerkenen. Men det er jo sjølvsagt heilt opp til den enkelte å bestemme sjølv kva ein vil ete!

 

 

Kvifor et me ikkje insekt i Europa?

Vi veit med stor sikkerheit at dei første menneska åt insekt og at dette er alminneleg kost for to milliardar menneske i dag – det blir til og med sett på som ei delikatesse. Men i Europa og USA blir insekt ofte sett på som «ekkelt». Det er mest sannsynleg fordi dei første menneska som kom til Europa slutta å ete insekt då dei ikke fantest i naturen i mengder store nok til å vere enkle å hauste. Seinare spreidde dette seg frå Europa til USA.

 

Dei seinaste åra har det skjedd ei oppblomstring i EU og USA for insekt som mat og dyrefôr, spesielt på grunn av berekraft, men også på grunn av helse og smak. Kultur for kva som er «ekkelt» å ete endrar seg heile tida! For nokon hundre år sidan var det  for eksempel kjempeekkelt å ete hummar, og det vart sett på som ei straff for fengselsfangar. For ikkje så mange år sidan var sushi nytt og ekkelt. Insekt er nok uvant for mange i EU og USA, men me håpar du vil gje insekta ein sjanse ved i alle fall å smake på dei!

bottom of page