Bra for jorda di -bra for jorda vår

BLØME, som består av ekskret og skal frå larvane, er naturen sitt eige supergjødsel!

Det er miljøvennleg og hundre prosent organisk. I tillegg er det heilt tørt og luktfritt, noko som gjer at det enkelt kan brukast innandørs.

Insekt er ein naturleg del av alle økosystem. Dei er viktige for sirkulasjonen til næringsstoffa og det mikrobiologiske livet i jorda. Ved å tilføre BLØME til potteplantane dine, eller til vekstsystemet ditt, gir du planten ein kontakt med naturen den elles ikkje ville fått. Dette merker ein fort ved at planten ser sunnare ut og veks raskare.

BLØME har NPK-verdieane 3-2-2, men det er i hovudsak ikkje dette som gjer gjødsla så spesiell. Denne gjødsla inneheld også mange biokjemiske stoff som er svært gunstige for veksten til planten.

Eitt eksempel på dette er skalet til larvane, som det er mange små fragment av i BLØME.

Skalet er laga av polymeren kitin. Når ein plante registrerer at det er kitin i nærleiken, vil den starte ein immunologisk respons. Planten vil då forsterke alle delar av seg sjølv, og vekse seg større. Dette gir større, tjukkare og grønare blader og større grønsaker og frukter.

BLØME er også godkjent til å nyttast i økologisk produksjon.

BLØME kan kjøpast her:

Vestlandet

Hageland Voss
Tre brør

Voss Blomsterhandel

Kontakt

bloeme_plantenaering@invertapro.com

for meir info eller bestilling av større kvantum

New logo concept.png

© 2019 Invertapro AS